Sal- og leveringsvilkår
GYLDIGHEIT / BRUK Desse salsvilkåra gjeld ved alt sal av utstyr, programvare, dokumentasjon og tenester frå Tussa IKT AS, med mindre andre vilkår er skriftleg avtalt. Ved bestilling vert kjøparen rekna som å ha godteke salsvilkåra. Elles vert det vist til Kjøpslova (Lov av 13. mai 1988 nr. 26).
TEKNISKE OPPLYSNINGAR Tekniske opplysningar som er oppgjevne i brosjyrar og anna reklamemateriale, er berre rettleiande og må ikkje oppfattast som endelege og bindande. Dersom tilsvarande opplysningar er tekne med i ordrebekreftinga eller anna avtaledokument, vert dei rekna som bindande. Oppgjevne tekniske data må alltid forståast med dei toleransar som er vanleg kutyme i bransjen.
TILBOD
Skriftleg tilbod gjeld i 14 dagar frå datoen til tilbodet, dersom ikkje anna er avtalt. Det vert teke atterhald om justeringar i gjeldande tollsatsar, avgifter og valutakursar. Seljar er ikkje bunden av munnlege tilbod eller avtalar mellom kjøpar og seljar sin representant før desse er stadfesta skriftleg.
PRISAR
Alle prisar er oppgjevne eksklusive meirverdiavgift.
BETALINGSVILKÅR
Kjøpesummen forfell til betaling i samsvar med faktura. Betaling skal skje seinast 10 dagar etter fakturadato, dersom ikkje anna er avtalt. Kunden skal betale dei avtalte vederlaga med tillegg av offentlege avgifter og påløpte kostnader, inkludert eventuelle transportkostnader. Ved avtalte delleveransar vert det fakturert ved kvar dellevering. Ved forseinka betaling påløper forseinkingsrente etter til ei kvar tid gjeldande rentesats i samsvar med lov av 17. desember 1976 nr. 100 (Morarentelova). Kjøpar vil bli belasta med eit purregebyr på for tida kr 50,- ved skriftleg purring frå Tussa IKT AS.
LEVERINGSVILKÅR
Varen vert levert direkte frå distributør dersom ikkje anna er avtalt. Risikoen går over på kjøpar ved levering. Oppgjeve leveringstidspunkt er rettleiande. Ved vesentleg endring i leveringstidspunktet skal Tussa IKT AS varsle kjøpar. Dersom varen skal sendast til kjøpar, skal denne oppgje nøyaktig kvar varene skal leverast. Levering vert rekna som gjennomført ved overlevering av varen til transportør eller posten.
FORSIKRING
Alle sendingar skjer for kundens rekning og risiko. Alle vareleveransar til våre kundar er forsikra gjennom ein avtale med vårt forsikringsselskap.
SALSPANT
Tussa IKT AS tek atterhald om salspant i produkt som ikkje er meint for vidare sal, jf. pantelova § 3-14 ff. Produkt som vert overlevert til bedrifter for demonstrasjonsformål, utlån o.l. skal merkast med Tussa IKT AS sin eigedomsrett og haldast åtskilt frå bedrifta sitt varelager.
GARANTI
Garantitida gjeld frå vår forsendingsdato og i den grad vi er dekte av garantivilkåra til våre leverandørar. Normal garantitid er 12 månader. Garantien dekkjer material- og produksjonsfeil på det leverte produktet og inneber gratis reparasjon og utskifting av delar ved seljar sitt hovudverkstad i ordinær arbeidstid. Fraktkostnader, spedisjon og andre utgifter knytt til garantireparasjonar og vanleg service vert dekte av kunden.
Dersom garantiservice skal utførast hos kunden, vert reise, diett og eventuelt opphald belasta etter statens satsar. Medgått reisetid vert òg fakturert etter gjeldande timesatsar. Kunden har sjølv ansvar for å ta sikkerheitskopiar av data og programvare før innsending av utstyr til reparasjon.
TELEFONSUPPORT
Telefonsupport som ikkje gjeld direkte produktfeil i garantiperioden vert fakturert etter gjeldande timesatsar.
TEKNISK INSTALLASJON
Installasjon er ikkje ein del av produktet. Konfigurasjon som må utførast på nytt etter til dømes eit garantibytte, må dekkast av kunden etter gjeldande timesatsar.
BORTFALL AV GARANTI
Garantiansvaret fell bort dersom det er gjort inngrep i varen utan seljar sitt samtykke, eller dersom betalingsvilkåra ikkje vert overhaldne. Garantiansvaret fell òg bort dersom varene er skadde som følgje av ukyndig handsaming eller andre eksterne forhold. Garantien omfattar ikkje normal slitasje som følgje av vanleg bruk.
REKLAMASJON OG MANGLAR
Kjøpar forpliktar seg til å inspisere varen ved mottak. Openberre manglar må det reklamerast på innan 8 dagar frå mottak. Manglar som først kan oppdagast etter montering må det reklamerast på straks dei vert konstaterte. Retten til å gjere mangelen gjeldande fell bort dersom kjøpar ikkje har reklamert innan 1 år etter levering. Ved manglar som kan førast tilbake til Tussa IKT AS og som var til stades ved levering, vil Tussa IKT AS etter eige val og for eigen kostnad rette mangelen, gjennomføre omlevering eller gje prisavslag. Utover dette kan ikkje kjøpar gjere andre krav gjeldande ved manglar.
RETUR
Retur av vare kan berre skje med samtykke frå Tussa IKT AS, og skjer for kjøpar sin rekning og risiko. Varen skal returnerast i original emballasje. Manglande emballasje eller ufullstendige varer vert debiterte særskilt.
ERSTATNINGSANSVAR
Eit eventuelt erstatningsansvar for Tussa IKT AS skal uansett avgrensast til å omfatte direkte dokumenterte tap som skuldast aktløyse hos Tussa IKT AS. Erstatningsansvaret omfattar ikkje følgetap eller indirekte tap, som bortfall av produksjon eller omsetning, tap av forteneste ved vidare sal eller annan form for konsekvenstap. Uansett er ansvaret avgrensa oppover til verdien av den leverte vara eller tenesta.
PRODUKTANSVAR
Dersom dei selde varene påfører skade på person eller ting, og dette kjem av at dei ikkje har den tryggleiken som brukar eller allmenta med rimelegheit kunne vente, er Tussa IKT AS erstatningsansvarleg i den grad slikt ansvar følgjer av lov av 23. desember 1998 nr. 104 om produktansvar. Andre følgeskadar vert ikkje erstatta.
OVERDRAGING
Rettar og plikter etter denne avtalen kan ikkje overdragast til tredjepart utan skriftleg samtykke frå den andre parten.
TILLEGG TIL ELLER ENDRINGAR I AVTALEN
Tillegg til eller endringar i denne avtalen skal gjerast skriftleg.
TVISTAR
Tvistar under denne avtalen skal partane så langt det let seg gjere forsøke å løyse gjennom forhandlingar. Dersom slike forhandlingar ikkje fører fram, kan kvar av partane krevje at saka vert avgjort med endeleg verknad i samsvar med norsk rett ved norske domstolar. Som verneting vert Sunnmøre tingrett vedteke. Alle spørsmål som oppstår skal vurderast etter norsk lov, dersom ikkje anna er uttrykkeleg avtalt.